NY PRAKTBOK FRÅ HALLINGKOST
Hallingkost har gitt ut praktboka "Hallingtapas - smått og smakleg". Lanseringa skjedde under matfestivalen Norsk Matglede på Geilo laurdag 27. september.
Hallingkost blir han kalla, den maten folk laga og serverte i Hallingdal før "kjøpematen" vart ein del av kvardagen.
Men matkultur blir også skapt i dag. Av lokale råvarer blir det laga nye produkt basert på god, gamal kunnskap. I boka "Hallingtapas - smått og smakleg" vil du få tips og idear til korleis du kan lage smårettar med råvarer frå Hallingdal. Boka gir også innsikt i råvarene og matkulturen som ligg til grunn for den lkakle maten du i dag får kjøpt i butikkar og utsal i Hallingdal.
Boka er skriven av Eldgrim Springgard. Marius Rua har fotografert.
Boka er å få kjøpt i bokhandelen.
Den kan også bestillast direkte frå Hallingkost - post@hallingkost.no
| |
|
|
|
|
|